Hjørundfjorden

Fellestur

Fra dato
26. juni kl. 16:00
Til dato
4. juli
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Voksen
Arrangører
Vandregruppa, DNT Oslo og Omegn
Turområde
Sunnmørsalpane, Tafjordfjella (se kart)

Fjella rundt Hjørundfjorden er vanlege toppturmål både sommar og vinter. Hjørundfjorden rundt er blitt ei vanleg rute. Vår tur går ikkje rundt fjorden, men meir på kryss og tvers. Opp- og nedstigingar på 1 000 høgdemeter eller meir dei fleste dagane gjer dette til ein krevjande tur. Som løn for strevet får vi oppleve eit variert landskap. Frodige bøar ved fjorden, skogs- og sæterdalar og høgfjell over skoggrensa.

Program dag for dag:

Fredag 26. juni. Tog frå Oslo til Åndalsnes. Overnatting på Åndalsnes vandrarheim.

Laurdag 27. juni. Buss frå Åndalsnes til Geiranger. Tur i fjella rundt Geiranger, deretter ferje eller annan båtskyss til Hellesylt. Overnatting på Hellesylt vandrarheim.

Sundag 28. juni. Gjennom Sunnylvsmoldskreddalen og Norangsdalen til Øye. Overnatting på Hotel Union Øye..

Måndag 29. juni. Skyss til Sæbø. Deretter gjennom Nøvedalen til Store Standal. Ferje til Trandal. Overnatting på Christian gaard bygdetun.

Tysdag 30. juni. Over fjellet til Riksemdalen og ned til Straumgjerde. Skyss til Brunstad og vidare til fots opp til Velleseterhytta (ubetent).

Onsdag 1. juli. Gjennom Brunstaddalen til Habostaddalen og Patchellhytta (sjølvbetent).

Torsdag 2. juli. Gjennom Langesæterdalen til Urke. I fint ver går vi den tilrettelagde turstien kalla Urkeegga over Maudekollen og Klokksegga. Overnatting i campinghytter,

Fredag 3. juli. To kilometer langs vegen til Leknes og ferje til Sæbø. Gjennom Kvistaddalen og Kvamsetalen til Bjørke ved søraustenden av Hjørundfjorden. Er veret dårleg, går turen gjennom Rognestøyldalen. Maxitaxi til Grodås og overnatting i campinghytter.

Laurdag 4. juli. Nordfjordekspressen frå Grodås til Oslo.

Utstyr: DNT pakkeliste sommar. Så tidleg på sommaren må vi rekne med nokre lange snøetappar, så gamasjar og vandrestavar bør vere med.

Kostnad: Overnatting, mat, skyss undervegs på turen og tog og buss til og frå Sunnmøre. Ei overnatting er på hotell. Elles er brukar vi overnattingsstader med om lag same prisnivå som DNT-hytter.

I Vandregruppa deler vi utgiftene likt på alle som er med, også turleiarane. Vi betaler for det meste utgiftene våre kvar for oss, men somme utgifter er det mest praktisk at turleiarane betaler for alle, og til dette samlar vi inn pengar. 

Oppreise: Tog frå Oslo 26. juni kl 1602 til Åndalsnes.

Heimreise: Buss frå Grodås 4. juli kl 1143 til Oslo.

Deltakartal: 10 inkludert 2 turleiarar

Påmelding: Frå 24. mars. Bruk påmeldingsknappen.

 

Hjørundfjorden

Fjella rundt Hjørundfjorden er vanlege toppturmål både sommar og vinter. Hjørundfjorden rundt er blitt ei vanleg rute. Vår tur går ikkje rundt fjorden, men meir på kryss og tvers. Opp- ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Albrecht Hofheinz
  • Sveinung Helgheim