Frå Hallingdal til Sogn

Fellestur

Fra dato
11. august kl. 08:00
Til dato
18. august
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Voksen
Arrangører
Vandregruppa, DNT Oslo og Omegn
Turområde
Hardangervidda (se kart)

Ein tur frå aust til vest gir stor variasjon i landskapet. Roleg viddelandskap på austsida, snaufjell, fjellskog og til slutt frodige fjordlier.

Program dag for dag:

Onsdag 11. august. Tog frå Oslo S til Haugastøl. Over Folarskardet til Ragssteindalen. Overnatting i den private turisthytta der, som opnar opp att til sommaren etter å ha vore stengd nokre år.

Torsdag 12. august. Frå Raggsteindalen til Geiterygghytta (betent).

Fredag 13. august. Gjennom Såtedalen til Hallingskeid (sjølvbetent).

Laurdag 14. august. Over Vossaskavlen til Uppsete (betent privat turist hytte).

Sundag 15. august. Frå Uppsete til Grindaflethytta (sjølvbetent).

Måndag 16. august. Ut Undredalshalvøya, over Stiganosi og ned til Stigen gard. Overnatting i hus på garden.

Tysdag 17. august. Over Beinsneshaugen og Hovdungo til Undredal. Overnatting i utleigehytte i Undredal.

Onsdag 18. august. Tur i Undredal. Deretter transport til Flåm, med Flåmsbanen til Myrdal og tog vidare til Oslo.

Eit par av dagsetappane er på opp mot ti timar og kanskje meir, så deltakarane må vere i god form og vane med lange dagsmarsjar.

Utstyr: DNT pakkeliste sommar.

Oppreise: Tog frå Oslo S 11. august kl 0625 til Haugastøl.

Heimreise: Tog frå Flåm onsdag 18. august kl 1605 til Myrdal, deretter tog frå Myrdal kl 1753 til Oslo.

Deltakartal: 10, inkludert 2 turleiarar.

Påmelding: Frå 15. februar.

 

Frå Hallingdal til Sogn

Ein tur frå aust til vest gir stor variasjon i landskapet. Roleg viddelandskap på austsida, snaufjell, fjellskog og til slutt frodige fjordlier. Program dag for dag: Onsdag 11. august. Tog ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sveinung Helgheim
  • Albrecht Hofheinz