Vårskitur rundt Bygdin

Fellestur

Fra dato
21. april kl. 08:00
Til dato
24. april
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Skitur, Voksen, Hyttetilhyttetur
Arrangør
Vandregruppa

Dei finaste fjellskiturane får ein ofte om våren. Dagane er lange, sola står høgt på himmelen, og så lenge det nattefrost, er det ofte godt skiføre. Frå Beitostølen får vi ei runde rundt Bygdin, med ville Jotuheimfjell på nordsida og rolegare terreng på sørsida.

Dag 1

Buss frå Oslo bussterminal kl 0830 til Beitostølen kl 1230. Skitur frå Beitostølen til Torfinnsbu. Omlag 25 kilometer.

Dag 2

Frå Torfinnsbu (1059 m.o.h.) til Fondsbu (1061 m.o.h.). Om veret og tilhøva ligg til rett for det, går turen gjennom Langedalen, ei flott rute der vi kjem nær inn på fjella i området mellom Bygdin og Gjende.Men nærleiken til fjella gjer og at det kan vere skredfare. Er veret dårleg, går etappen gjennom Vølodalen sør for Bygdin. Ruta over Langedalen går i krevjande terreng, og turen er difor gradert som ekstra krevjande. Torfinnsbu og Fondsbu ligg i same høgde ved Bygdin, men går vi over Langedalen, skal vi opp til om lag 1750 m.o.h, så det blir mykje oppstiging likevel. Omlag 25 kilometer.

Dag 3

Frå Fondsbu til Tomashelleren (1488 m.o.h.). Ruta går søraustover opp Vennisstølsdalen. Har vi gått Vølodalen dagen før, får vi nokre kilometer tilbake i same skispora. Etterkvart kjem vi fram til den regulerte Steinbusjøen og eit kvistedele til Yksendalsbu. Vår rute held fram vidare oppover til vi kjem opp i om lag 1600 m.o.h. aust for Svarteknippa. Deretter tek vi ned i dalen til hytta, som ligg ved Langetjernet. Omlag 25 kilometer.

Dag 4

Frå Tomashelleren til Beitostølen. Tomashelleren litt høgt til fjells, så siste dagen blir det mykje unnabakke ned til Olefjorden. Deretter over isen og vidare fram til vi kjem inn i løypenettet rundt Beitostølen. Omlag 30 kilometer. Bussen til Oslo går frå Beitostølen kl 1810 og er framme kl 2155.

Utstyr: Pakkeliste for vinterturen — Den Norske Turistforening (dnt.no). Merk at alle må ha med både sovepose og lakenpose. Sovepose er naudsynt sikkerheitsutstyr, men er på grunn av risiko for overføring av skadedyr ikkje tillate brukt på hyttene. Skifellar er greitt å ha med, sidan vi får ein del oppstiging både andre og tredje dagen. Kortfellar greier seg.

Kostnad: Overnatting og mat på to sjølvbetente hytter og ei betent hytte. Reise til og frå Beitostølen. Turleiarane har tinga plass på hyttene, men deltakarane betaler kvar for seg.

Deltakartal: 9 pluss 3 turleiarar.

Påmelding: Bruk påmeldingsknapp. Påmeldinga opnar 1. februar. Les. Vilkår for frivillig organiserte aktiviteter i DNT OO 2021-08-15.pdf (sharepoint.com).

Avbestillingsfrist: 7. april 2022.

 

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Bruno Delafosse
  • Sveinung Helgheim
  • Anne Pernille Voll