Rundtur i Alvdal Vestfjell

Fellestur

Fra dato
8. september kl. 12:30
Til dato
11. september
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Frahyttetilhytte, Voksen
Arrangører
Vandregruppa, DNT Oslo og Omegn

Bli med inn i Alvdal Vestfjell på ein hausttur når fargane er på det finaste!

Vi bur på to sjølbetjente hytter og ei privat betjent hytte. Vi går på fine stiar i roleg terreng.

Program:

Torsdag 8. september:

Oppmøte Alvdal stasjon kl 12.36. (Tog fra Oslo S kl 8.34)

Drosje innover til Dølbekken og til der stien til Korsberghytta tek av fra bilvegen.

Så går vi over Korsberghøa til Korsberghytta (1247 moh), sjølbetjent, ca 6 km og 300 høgdemeter opp og 100 høgdemeter ned.

 

Fredag 9. september:

Vi går på DNT-merka sti nedover Kvislåfløyet til Storgrytdalseter (860 moh), sjølbetjent, ca 9 km.

 

Lørdag 10. september:

Vi går på DNT-merka sti via Holmsjøen til Breisjøseter turisthytte (965 moh), privat betjent hytte, med DNT-rabatt, ca 11 km. Der kjem vi fram til varm dusj og god mat.

 

Søndag 11. september:

Vi går på DNT-merka sti opp til skaret mellom Storsølnkletten og Veslhøa, ned til Veslsølnsjøen, gjennom Fjordungskvolvet til Kvislåseter (1180 moh), ca 12 km. Drosje derifrå til Alvdal stasjon. Tog til Oslo kl 17.16.

 

På dei to sjølbetjente hyttene lager vi felles middag og frukost. Det er knekkebrød og pålegg der, så ein kan lage seg niste eller ein kan ha med heimanfrå. Alle må bidra med matlaging, oppvask, vedfyring med meir. På Breisjøseter har vi full pensjon.

Turleiar reserverer plass på hyttene, men kvar einskild må betale for seg via app eller blankett på dei sjølbetjente hyttene, på Breisjøseter med kort. Ver oppmerksam på at ved sein avbestilling kan du måtte betale på Breisjøseter.

Delar av turen går i område utan mobildekning.

 

Ta med lakenpose og ellers godt med varme klede for det kan vere minusgradar på morgonen. Sjå pakkeliste for sommarturar: Pakkeliste for sommerturen (ut.no).

Alle kjøper sine eigne togbillettar. Drosjeutgiftene deler vi på.

Antall deltakarar: 10 + 2 turleiarar.

Kart: Nordeca 3015 Alvdal Vestfjell eller eit anna som dekker området.

Kontaktinformasjon:

  • Solveig Østhus
  • Tlf. 99538014

Turledere:

  • Solveig Østhus
  • Sveinung Helgheim