Rundt Stølsheimen

Fellestur

Fra dato
25. juni kl. 08:00
Til dato
3. juli
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Voksen
Arrangør
Vandregruppa

Fjellområdet mellom Sognefjorden og Nordhordland har i nyare tid fått namnet Stølsheimen, etter dei mange stølane i området. Denne turen går i ytterkanten av området, der vi både går i stølsdalane, i høgfjellet og i kulturlandskapet i bygdene. Etappar på opp til 8 timar og opp- og nedstigingar på 1 000 høgdemeter gjer at denne turen er gradert som ekstra krevjande.

Laurdag 25.06. Buss frå Bergen bystasjon til Eikemo. Deretter om lag halvannan kilometer på veg fram til Eikemo. Ruta går deretter inn i eit trang juv med Eikefetelva i botnen. Etter eit par kilometer går stien bratt opp 150 høgdemeter og fram til den nedlagde garden Fjellet. Vidare opp til Flatafjellet, og derifrå fram til Storavatnet der vi kjem inn på den T-merka stien frå Andvik og Nord-Kvingo. Overnatting i Kalvedalshytta (sjølvbetent)

Sundag 26.06. Frå Kalvedalshytta til Dyrkolbotn. Ruta går først i småkupert terreng dels i skogen og dels over skoggrensa fram til Setervatna. Derifrå får vi ei oppstiging på om lag 400 høgdemeter fram til Nipefagerskaret, og så like mykje ned att til riksvegen. Ein halv kilometer langs vegen og deretter sti til Dyrkolbotn. Om lag 5 timar. Overnatting i privat leirskule/fjellstove (betent).

Måndag 27.06. Frå Dyrkolbotn til Skavlabu (sjølvbetent). T-merka sti med jamn stigning, frå grøne beiteområde til høgfjellsterreng. Siste del av ruta fram til hytta går i om lag 1 000 meters høgd over havet, der vi må vente at det er ein god del snø så tidleg på sommaren. Om lag 8 timar.

Tysdag 28.06. Frå Skavlabu til Stordalen fjellstove (privat, betent). Vi følgjer først same stien som dagen før tilbake til Veslavatnet. Deretter umerka sti til anleggsveg ved Storavatnet. Så langs vegen til Godbotsvatnet. Derifrå følgjer vi ruta for Bjørn  West-marsjen, ein tur som går kvar sommar til minne om motstandsgruppa som heldt til i dette fjellområdet under andre verdskrigen. Ruta går skiftesvis i skogs- og høgfjellsterreng. Om lag 8 timar.

Onsdag 29.06. Frå Stordalen til Bjordal. Dagsetappen tek til med om lag 200 høgdemeter stigning fram til Fridalsvatnet. Så nokre kilometer langs veg ned til Årsdalsvatnet, og til slutt over fjellryggen Hestkamben ned til Bjordal ved Sognefjorden. Overnating i campinghytte. Om lag 6 timar.

Torsdag 30.06. Buss til Ortnevik. Turen følger sti mellom gardane langs sørsida av Sognefjorden. Dei fleste gardane er nedlagde. Somme står til nedfalls, men dei fleste er haldne godt i hevd. Flott kulturlandskap. Overnatting i det gamle skulehuset på Sylvarnes, som no er ubetent DNT-hytte.

Fredag 01.07. Vi tek rutebåt til Vik kl 1755, så vi har heile dagen til rådvelde for tur i området. Veret avgjer kor høgt og langt vi går. Overnatting i campinghytte i Vik.

Laurdag 02.07. Etter mange lange dagsetappar får vi ein roleg dag med cruise på Sognefjorden. Turistbåten går frå Vik kl 1130 og er framme i Aurland kl 1330. Vi legg opp til ein liten tur i Aurland etter at vi er framme. Overnatting i hytter.

Sundag 03.07. Tur til Hovdungo med utsyn over Aurlandsfjorden. Deretter på stiar i lia over Aurlandsfjorden inn til Otternes bygdetun. Otternes er mellom dei best bevarte klyngjetuna i landet, med 27 gamle trehus. Dei eldste frå om lag år 1700. Vi ser oss om i tunet før vi tek buss eller maxitaxi inn til Flåm.

Utreise: Den mest praktiske reisemåten til Bergen er å ta nattoget frå Oslo fredag 24.06. kl 2303.

Heimreise: Sundag 03.07. kl 1640 frå Flåm til Myrdal kl 1735. Deretter frå Myrdal kl 1742, framme i Oslo kl 22.54.

Utstyr: DNT pakkeliste sommar: Pakkeliste for sommerturen (ut.no) Stavar og gamasjar er nyttig på denne årstida, då det kan bli ein del vandring på snø.

VilkårFD turer – OneDrive (sharepoint.com)

 

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sveinung Helgheim
  • Albrecht Hofheinz