Kveldstur til Skjennungen

Fellestur

Dato
10. januar 2019 kl. 17:00 - 21:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Skitur, Voksen
Arrangør
Vandregruppa
Turområde
Oslomarka (se kart)

Frammøte på Sognsvatn kl 1700 (t-bane frå Stortinget kl 1636 er på Sognsvatn kl 1654). Vonleg er det skiføre, så vi kan gå på ski, men er det ikkje skiføre, går vi til fots. Skulle det vere tvil om kva føre det er, legg vi ut ei melding på denne sida her. Elles kan ein også følgje med på føremeldinga til Skiforeininga. 

Akkurat kva rute vi går, vil vere avhengig av om vi går til fots eller på ski og kva løyper som er oppkøyrde. I alle tilfelle skal vi fram til Skjennungstua, som plar ha kveldsope på torsdagar, der vi kan få kjøpt ein suppetallerken eller noko anna. Det er ein 5 – 6 kilometer opp til Skjennungstua. På heimveg går vi kanskje ei litt lenger runde,men til gjengjeld er det mest nedoverbakkar, så heimturen går fort.

Utstyr: Ta med hovudlykt og varme klede. Det kan og vere greitt å ha litt mat og drikke i sekken.

Kveldstur til Skjennungen

Frammøte på Sognsvatn kl 1700 (t-bane frå Stortinget kl 1636 er på Sognsvatn kl 1654). Vonleg er det skiføre, så vi kan gå på ski, men er det ikkje skiføre, ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sveinung Helgheim
  • Thai Vu