17. mai-tur i Lillomarka

Fellestur

Dato
17. mai kl. 10:20
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Voksen
Arrangører
Vandregruppa, Den Norske Turistforening , DNT Oslo og Omegn
Dette arrangementet er over!

Turen tek til i Maridalen. Frå Velhuset går det umerka stiar og trakk innover mot sørenden av Dausjøen. Vi kryssar Dausjøelva, og får deretter ei bratt oppstiging til Dausjøberget med flott utsyn over Dausjøen. Vi held fram på umerka stiar, og kanskje litt utanfor sti, til Sandermosen. Der går vi inn på Blåstien opp til ryggen av Barlindåsen, som er eit mykje brukt turmål og utsiktspunkt. Vi går ikkje opp til toppen av Barlindåsen, men i staden over det mindre kjende, men høgare, Granberget. Derifrå følgjer vi austsida av Nordre Langvatn til vi kjem inn på blåstien mellom Snippen og Sinober.

Sinober har ope 17. mai, så vi tek ein matpause her. Frå Sinober snur vi sørover på sti mellom Abbortjern og Kringletjern. Vi går etter kvart inn på blåstien til Sørskogen. Vi følgjer blåsti eit stykke før vi går inn på umerka stiar forbi Aurevatn og ned til Grorud.

Turleiarar: Sveinung Helgheim, Liselotte Krøger og Amin Donko.

Utreise: Buss frå Nydalen (i Sandakerveien på austsida av BI-bygget) kl 1023 til haldeplassen Velhuset i Maridalen.

Heimreise: T-bane eller buss frå Grorud.

 

Annet og vilkår

Våre turledere er frivillige. De har gjennomgått turlederkurs og/eller instruktørkurs og har mye erfaring med denne type turer. Turlederne gjør sine turlederoppdrag med stor glede og deler villig sin friluftserfaring og -glede med deltakerne. Les gjerne mer om hvem våre turledere er her.

På denne turen har turleder selv laget turopplegget. Dette er ikke en pakketur og er derfor ikke omfattet av lov om pakkereiser. Turen arrangeres av https://vandregruppa.dnt.no/ på dugnadsbasis. Vilkår for deltakelsen finner du her https://www.dntoslo.no/vilkarfordeltagelse/.

​​​​​​​

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sveinung Helgheim
  • Liselotte Krøger